fredag 23. november 2007

Eg trudde eg hadde funne meg verdas beste vekkjerklokke...

Eg trudde verkeleg at eg hadde funne meg verdas beste vekkjerklokke! Det var så koseleg å bli vekkja av litt knirking i døra, etterfølgt av nokon rolege "God morgen, nå må du vakne". Eg var storfornøgd med denne ordninga og satte stor pris på vekkjerklokka.

Men ikkje no lenger. No har ho tatt heil av! I dagmorges ble eg som vanleg vekkja av knirking i døra, og er synast at det var like fint som vanleg. Det var då det skjedde! Vekkjerklokka begynte å brøle at eg måtte komme meg opp og ut av senga. Ho tok tak i dyna mi og dro ho rett av, og stakk og gjøymde ho. Så ble vindauget opna og rommet ble iskaldt, og der låg eg uten dyne. Spotlightene i taket ble alle stilt inn direkte mot fjeset mitt, så det å opne augene var nesten ikkje muleg. Eg ble vidare slått i hovudet gong på gong, i alle fall i eit minutt! Det heile endte opp med at eg ble trua med å få eit svært glas vann i hovudet. Eg fekk 10 sek. på å komme meg ut av senga, hvis eg ikkje ville bli våt! Så då for eg opp! Hadde då allerede takla mykje til at det var så tidleg på morgonen, men vann i hovudet, det ville eg ikkje ha. Så vekkjerklokka fekk meg jo faktisk ut av senga, men for meg sjølv var det ei ganske traumatisk oppleving..
Eg vurderar altså å klage på vekkjerklokka. Eg har ikkje fått det produktet eg var ute etter.
Må kanskje føye til at vekkjerklokka er Marianne...

2 kommentarer:

Anonym sa...

off stakkar ronny.. saann eı vekker klokke ska hvertfall ıkkje e skaffe me.. d e heılt sıkkert.. godt du seıe fra saa ıkkje andre gjor samme feılen som de:P

Mariannehøna sa...

hahahahahahahah...fantastisk morsomt å lese igjen!!! jeg hadde det fælt. stakkars meg!